Thursday, March 29, 2007

18 års fest på Solheim

Margit Johanne og Solbjørg
Sjå den flåtte pyntinga.
Ester, RK og Louise.
Søte Rode og RK
Louise, Marion og Solbjørg

Happy Birthday



Dei tre bursadagsbarna våre. hehe nå er dei 18 år jaja nesten alle. Gratla med dagen.

Trippel 18 års fest


På tirsdag feira vi 18 års dagen til Lene, Rode og Guro. Dei blir 18år i mars derfor laga vi ein samla fest for dei. Det var kjempe gøy med hamburger, fruktsalat, brownies, muffins, is, godteposer, leikar og fantastisk pynting. Det var eg og Margit Johanne som stod for organiseringa av festen.
Vi lurte dei, dei trudde festen var i stua nede på solheim, men nei da vi hadde den oppe. Dei forventa full pakke når dei kom inn den døra på stua ,men det fekk dei ikkje berre ein lapp der det stod dei måtte vente til mi kom og henta dei. Totally rip of, hehe men festen blei bra og burdags barna blei fornøyde. Gratulerer med dagen Guro på laurdag som kjem.

Friday, March 23, 2007

Fyrste veke ute i praksis!

Ja hei alle sammen. No er fyrste veke i praksis ute av synet. Eg er på praksis på sjukeheimen, det er veldig koseleg der. Eg og Kristine S er i samme etage kjempe kos det og. Det har vore ei god og ganske slitsam veke. Mykje nytt å gjere og lære, tidlegare opp om morgonen, forventningar, arbeidsoppgåver og eg blir litt trøtt, men eg kjem vell inni det etter kvart. I dag var eg heilt skutt når eg kom heim frå praksis. Låg heilt ut på senga fram til middag, men eg hadde lova og reise til kvadrat sjølv om eg var sliten var det ein god avveksling frå praksisen, eg fekk tankane på noko anna. Eg er heldig som fekk vere der eg er og det er ein kjempe bra plass med kjempe bra personal og pasientar. No gledar eg meg til å slappe av i helga og til Kvitsund elevane kjem i morgo. Dei skulle vist på turne med koret så det blir kjempe gøy og treffe mange kjente der.
God helg alle sammen!!!
:):):):):):):):):):):):)

Sunday, March 18, 2007

Var heime i helga







Hei ja no er eg heime frå ei fin helg heime. Det var deilig å vere litt heime no. Fekk eit kjapt besøk hos bestemor, men var på Kvitsund neste heile laurdagen hos Ingrid. Der møtte eg mange kjente. Øystein og mange veninnner av Ingrid og folk eg har vore på leir med. Vi spela libretto som eg lærte for fyrste gong det var moro. Eg hadde tenkt og ta ti på halv 6 bussen heim att, men den gjekk ti over fem så eg begynte å gå heimover i det fine været så møtte mamma meg. Når eg hadde kommi over den blåe brua i Kvitseid kom ho så eg kom ikkje lenger. Tok meg frihet til å ta nokre bilder av den vakre nauren i Telemark. hehe. Håper alle får oppleve den naturen ein gong, det er vert det. Svaner til og med som du ser i lufta og i vatnet. Ja nå skal eg ut i praksis i morgo. Gruar meg litt, men det går vell bra får eg håpe. Så får dykk ha ei fin veke. Det nermar seg påske så berre hald ut folkens. Klem

Sisten

Jeg har fått sisten!Spillereglene:Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter at det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon.Seks rare ting om meg selv: bruker eit anna tonefall på nokre ord enn andre, veldig dårleg til å skjønne vitser, liker å ha det ryddig, forelska kanskje kven veit , er veldig flink til å vere tullete serleg når marte er her, kan alt om filmer(særleg om jente filmer). Jaja det var noko om rare marit, ville heller ha sagt noko som er fint med meg da men jaja ja det får vere ein anna gong. Eg sender sisten videre til: http://ingebjoerg.blogspot.com , http://solveigsverden.blogspot.com
http://gurogrødem.blogspot.com http://ingridsliv.blogspot.com har ikkje fleire enda.

Saturday, March 10, 2007

Veke 10 Klassefest/prosjekt veke




Hey folkens!!

Denna veka har vi hatt eit prosjekt i alle timane på skulen. Der vi på okkos gruppe skulle svare på denne problemstillinga: Korleis er samfunnet tilrettelagt for funksjonshemma med omsyn til rullestol som hjelpemiddel? Vi var ute med rullestol for å sjekke korleis det var tilrettelagt på toget til Bryne og på Bryne. Det var moro når ho som satt i rullestolen egentlig kunne gå. Vi måtte få tillatelse av NSB for å filme. Filmen blei knall og vi skal framføre prosjektet neste veke. Viss dikkon er snille så legg eg kanskje filmen ut på sida mi.

I helga er vi her ein liten gjeng som har det kjempe kjekt. På Torsdag kveld var klassen på klassefest hos klasseforstandaren vår på Sirevåg. Vi åt taco og kosa oss med fire mann i sofaen.

Vi hadde det veldig gøy spesielt på vegen tilbake på kvelden.

I går var vi på besøk hos ei veninne på Varhaug det var kjekt. Det er gøy å komme ut litt i helgene i staden for å berre sitte på Tryggheim, men det er koseleg det å altså ikkje misforstå.

Ellers har det vore nokon fine vårdagar med sol her på Jæren, men nå har det gått over til regn.

Jaja. Dikkon får ha ei fin helg alle sammen. Klem

Sunday, March 4, 2007

Rode 18 år







Ja Rode blei 18 år i dag den 4.Mars. Vi hadde laga plakat og hengt opp i hallen utafor matsalen. For å vise kor glade vi er i Rode og set pris på ho. I går kveld feira vi litt, Rode hadde bestilt kake på Mega som var knall god(fruktkake). Randi kristine, Margit Johanne, Guro, Marte og meg var der og feira Rode. Ho fekk ein knallfin gåve frå oss i venne gjengen. Ein bamse(sau) , ei fin blå pute og ein film(Elisabethtown). Sist me sjekka har mobilen gått i ett denna sundagen i Mars. Finare vær kunne ho ikkje ha fått ein vårdag på Jæren.


Gratulerer med dagen Rode


Glad i deg




Ja gratulerer med dagen til Ruben også.

Knall helg

Ja ja eg hadde vell ikkje influensa ,men noko liknande vertfall. Låg i to dagar, kom meg på skulen på fredagen. Det var foreldrefest denna helga å Mamma og Pappa skulle komme på besøk. Vi reiste på Kvadrat og Ikea desse dagane å storkoste oss. Eg er framleis litt forkjøla, men det går over. I dag har det vore ein knall fin dag på Jæren, sola skinte gjennom glass vindauga i den nye kyrkja på Nærbø. Mamma og Pappa måtte reise heim att til vinteren, litt trist men eg ser dei snart igjen. Det har vore ei koseleg helg og no er det tilbake til skulen og jobbing med det.

Thursday, March 1, 2007

Influensa tider


Eg har vore så heldig og blitt ramma av influensa. Noko som gjer at eg ligg og slapper av på Tryggheim. Kjedelig å vere sjuk ville faktisk heller ha vore på skulen. Tru det eller ei, for å sitte aleine på rommet sitt ein heil dag er ikkje det gøyaste som finst. Men, men eg får skjynte meg å bli frisk snart. Klem frå sjuke Marit.