Sunday, April 29, 2007

GRAN PRIX PÅ TRYGGHEIM

Åshild
The Donuts
Mannskoret frå Lundeneset

Jada laurdag 21 April var det Gran Prix på Tryggheim. Me sto heldigvis ikkje lenge i kø i år, men litt venting blei det. Dørene opnast og vi betaler 100 kr i inngangspengar og showet er igang!!!!! Det var mange flinke deltagarar nokon flinkare enn andre kanskje, men det hadde jo vore kjedeleg viss alle hadde vore flinke, men nivået var høgt i år og det var stor konkuranse om kven som var best. Alle hadde fått ein bilett når dei kom inn og nå dei skulle stemme brukte dei den og la den oppi boksen til den me syntes var best. Dette blei gjort under pausen, mange folk mange røykarar.hehe

Det var Vigdis revolver som stakk av med seieren enna gonga, men det er berre å stille opp neste år da er det me som skal ordne Gran Prix.
Her er nokre bilete av deltakarane som var der, det var deltakarar frå tryggheim, lundeneset og nokon veit eg rett og slett ikkje kvar kom frå? Men det kan vere ein hemeligheit, her er dei vertfall.

Sommaren kjem



Hei hei ja no er sommaren klar for inngang i heile landet. Til og med på Jæren, vi har vore ute og spela volleyball i gymmen og farge det fekk eg av den farlege sola. Nå får vi håpe det held seg så varmt, men helga før denne vakre veka hadde vi regn og atter regn derfor måtte vi finne på noko så vi tok kjempe mange bilder. Derfor måtte eg legge utpå nokre fantasiske bilete av oss. Dei du ser er Lene til venstre og eg til høgre. På det nedanfor er det eg og Margit Johanne.

Ha ei fortsatt fin veke.





Wednesday, April 18, 2007

Sølv Bryllupet 25 år!!

Jubilantane mamma og pappa har vore gift i 25 år. Og vi feirar det fyrst med ein tur til Fyresdal på tre retters middag. Vi fekk gresk salat med feta ost til forret, kalvesteik, brokkoli og fløtegratinerte poteter til hoved rett, og til dessert heimelaga fruktsalat.
Når vi hadde ete der tok vi turen heim at, der det var stelt i stand til fest på Tveit. Dette var påske aften i påska, og det kom mange kjende.. Der det vart mimra om bryllaupet med songar og lysbilete. Gratulerer Mamma og Pappa.
Jo-Martin og kjærast Karoline
Ingebjørg
Jakob og kjærast Hanna
Karoline, Jo-Martin og meg. Det var vi som var på denne fansie middagen i Fyresdal. Og me storkoste okkon.

Monday, April 2, 2007

Påska 07


Mamma og meg på Skornetten




Pappa grilla maten på bålet
Ingebjørg my sister.
Meg sjølv, ligg og kosar meg i sola på rasteplassen vår.
Her står vi på Skornetten og nyter utsikten.



Ja nå er påska her. Med deilige skiturar på heia der dei fyrste fregnene kvitrar i andletet og fargen blømar i kinna. Det viktigste med påska: Kvifor vi verkeleg feirer påska? Jo fordi Jesus døydde på korset for alle våre synder. Det er noko vi må huska på i dette herlege påske veret, når vi går på ski, for då blir påska verd og nyte.
Endeleg heime og møte heile familien med kjærestar. Prima vær og gode skiforhold i Nissedal, betre kan det ikkje bli. Håper alle får ei fin påske med like fint vær som det me har.




God Påske:) :) :) :) :) :) :)