

Mandag den 19 februar reiste eg og Rode til Trondheim med lokaltoget for å shoppe litt. Det er jo ingen ferie utan og shoppe. Me hadde planlagd ein skikkeleg turist-dag med fotografering og gå frå butikk til butikk, men det var for kaldt til det. Så det blei for det meste shopping på nokre senter i Trondheim. Der fekk eg handla klede og sko. Eg kaupte verdens kulaste sko du kan tenke deg (dyre var dei au). Det er dei du ser på bilete og ein genser og nokre toppar. Det var ein hyggeleg og kald dag. Etter kvart som me vart ferdig med shoppinga tok me bilder ved Nidarosdommen. Der venta me på faren til Rode, han skulle komme med kofferten min for eg skulle til nokre slektninger på Heimdal og til mormor på Klæbu i vekedagane. Når han kom viste det seg at han hadde gløymt kofferten i Åsen, det er ein times køyring. Så det endte med at Rode blei med meg og onkel John, så kom faren med kofferten seinare og henta Rode samtidig.

No comments:
Post a Comment