Friday, February 15, 2008

Tur til Tysvær/Haugesund








For to helger sidan var eg med Louise(ei veninne) med heim til heimstaden hennes. Det har gått snart tre år her på Tryggheim å det er ikkje lenge før alle skilles fra kvarandre. Så da tenkte eg at eg måtte gripe sjansen å sjå kor mine venner budde. Eg og Louise satte av garde fredag ettermiddag på toget til Stavanger, når vi kom der tok vi buss og båt for å komme til Tysvær. Den kvelden passa vi unger hos broren til Louise og eg fekk sitte på med den nye trafikkanten Louise for fyrste gong. Det var kjekt.




På laurdagen tok vi turen ned til Haugesund for å shoppe litt og ein guida tur rundt i byen etterpå. Når vi kom heim til Louise laga vi falafel det er ein israelsk rett som dei synes er veldig godt. Personleg syntes eg det smakte godt, men litt nytt for meg det var det.







På sundagen fekk vi middagsbesøk av broren til Lousie med fam. Dei hadde to søte små som vi leika med samtidig som vi laga fastelavensboller.
Det var kjempe gøy å sjå korleis Louise hadde det heime.

No comments: