





Nyttårs aften samla vi meste parten av gjengen frå Tryggheim på Flekkerøya for å feire saman. Vi hadde det veldig koseleg med: kalkun, leiker, mykje kaffi mat, fyrverkeri og mykje å snakke om. Vi har nå vore spreidde over Noreg i eit halvt år nesten. Nokon i Tromsø, nokon på Stavern, nokon i Stravanger og selfølgelig vi på Ganddal. Det var veldig gøy å kunne samlest ein slik kveld og mimre tilbake på den fine tiden vi hadde sammen på Tryggheim. Eg må sei at det var litt meir fyrverkeri utover Kristiandsand og Flekkerøya enn det eg har sett i alle åra eg har feira heime. Det var ein fantastisk opplevelse å feire der og håper på fleire samankomster med gjengen vidare til andre annledninger også.
Eg vill takke alle for det gamle året og ønskjer alle eit godt nytt år.
Marit:)

1 comment:
Her er det på tide med litt nye oppdateringar snart igjen vell?;)
Eg he laga blogg: http://sigrunn.blogg.no/
Post a Comment