Monday, June 2, 2008

Russeturne








Ja da er snart Russe tida i gang og vi tar turen ut på turnee. 35 av russen reiste til sørlandet på tur. Vi var først på lyngdal så reiste vi videre til kristiandsand, deretter til drotningborg i Grimstad og avslutta turneen i flekkefjord. På desse plassane sang vi med russekoret, hadde eit drama stykke, tala og leda møter. Vi benytta og sjangsen å fortelje litt om misjonsprosjektet vårt. Vi blei ein meir samanspleisa gjeng og det var kjempe kjekt på turnee. Fin start på russe tida. :)

Friday, February 15, 2008

Tur til Tysvær/Haugesund








For to helger sidan var eg med Louise(ei veninne) med heim til heimstaden hennes. Det har gått snart tre år her på Tryggheim å det er ikkje lenge før alle skilles fra kvarandre. Så da tenkte eg at eg måtte gripe sjansen å sjå kor mine venner budde. Eg og Louise satte av garde fredag ettermiddag på toget til Stavanger, når vi kom der tok vi buss og båt for å komme til Tysvær. Den kvelden passa vi unger hos broren til Louise og eg fekk sitte på med den nye trafikkanten Louise for fyrste gong. Det var kjekt.




På laurdagen tok vi turen ned til Haugesund for å shoppe litt og ein guida tur rundt i byen etterpå. Når vi kom heim til Louise laga vi falafel det er ein israelsk rett som dei synes er veldig godt. Personleg syntes eg det smakte godt, men litt nytt for meg det var det.







På sundagen fekk vi middagsbesøk av broren til Lousie med fam. Dei hadde to søte små som vi leika med samtidig som vi laga fastelavensboller.
Det var kjempe gøy å sjå korleis Louise hadde det heime.

Sunday, December 30, 2007

Jole tider i Nissedal

Hei Hå Nå Er Det Jul Igjen !!!!!!!!!














Ja no er jola snart over og tid for tilbake på skulebenken, men fyrst ein liten oppsumering av jola 2007. Dagane før Jolaftan gjekk til vasking av hus, stryking og pynting. Og selfølgelig baking, i år baka vi 6 slagar kaker: Sand nøtter, nissedøler, pepperkaker, Hannes julesnaks, snadderkaker og berlinerkranser. Litt av eit utvalg vill eg sei. Jola kom og huset var klart, ute var det sno og frost, men det varte ikkje lenge for allerede på jolaftan kom mild veret og snoen gjekk sakte men sikkert vekk. Etter vi hadde vore på svensk jole lunsj hos familie på jolaftan nerma klokka seg fire og vi tok vegen ned til kyrkja. På kvelden åt vi kveite(fisk) og blomkål suppe, noko som du kanskje synes er litt uvanleg men dette er tradisjon på tveit. Å resten av kvelden gjekk til å pakke opp pakker og spise jolekaker.

1. jole dag hadde vi middagsbesøk da åt vi ribbe.

2 joledag hadde vi og middagsbesøk og familiefest på kvelden.

3. Joledag var det joletrefest i Nissedal arrangert av ungdommen.

4. Joledag var eg og besøkte venninner og kaupte mine fyrste raketter.

5. Joledag var vi på besøk på Fjone på lunsj.

6. Joledag altså i dag slapper vi av og eg skal få besøk av mitt sysken barn, vi lader opp til nyttårsaften som er i morgo.



Ha ei fortsatt God Jol og eit Godt nytt år:) :)


Monday, December 10, 2007

Russe Nissefest






Torsdag 6 desember på min bursdag var det Nissefest på ein låve på Klepp. Der alle i russen var samla, der dansa vi, åt graut og hadde det moro. Alle var selfølgelig påkledd med nissedrakt noko som var veldig koselig. Vi hadde det kjempe gøy:):)

Thursday, August 23, 2007

Arena 2007












ARENA!!!!
Her nokre bilde av den fantastiske leiren Arena på Dvergenstangen i Kritiansand. Det var ein kjempe bra leir som er arranggert av KRIK (kristenidrettskontakt) gode møter , sport, bading, fint vær, mange folk, chrisc løp og mykje anna. På Arena kan du velge mellom 44 idrettar, eg valgte Ballgames. Det var ulike ballspill og leikar, veldig moro. Kjell Magne Bondevik var til og med på Arena. Han hadde seminar, som mi var på . Kjempe eg oppfordrer til å reise på Arena neste år alle sammen.

Halden tur





Hei!
Eg var med Ingrid ei god veninne av meg på leir. Når leiren var over blei eg med ho heim til Halden. Noko som mi gjorde i fjor og. Vi var i Halden by og shoppa, brukte alt for mykje penger. Ingrid fekk kaupt seg ei knall fin bukse og eg noko til skrap booking. Eg var og med Hanne og Ingrid og stemme den dagen. PÅ veg heim var mi innom den fantastiske parken i Halden.
Andre dagen reiste vi med mora til Ingrid til Sverige. Vi reiste til Strømstad og var innom ein bade plass og nordby senteret på veg heim. Når vi kom til Norge att åt vi middag på Dolly.
Dagen etter på reiste eg heim med buss. Det var ein kjempe koseleg og gøy tur.

Monday, July 16, 2007

Sommer tider hey hey!!!!!

Jaja no er sommaren godt i gang, men kor er sommer været? Jo det skal eg sei deg det er oppe i nord der alle nordlenningan bur. Det er vell kanskje dei sin tur til å få fin været for ein gong skuld, men alt det er vell litt og dra den for langt. Nei vi for berre be om at veret må bli betre mot august slik at vi kan bade og fryde oss på leir (Arena). Arena er verdens beste leir og den er verd å dra på. (Bilder kjem)
Ville berre sei til alle mine venner at eg savner dykk og gledar meg til hausten når eg ser dykk att. Glad i dykk.

Kos og klem og k9b frå marit